BILHUSET FØRDE AS SØKJER NY DIAGNOSETEKNIKAR!
Diagnoseteknikar Peugeot
Bilhuset Førde AS forhandlar i dag tre merke; Mercedes-Benz, Peugeot og Kia.
For å utvikle oss vidare og ha den kompetansen som krevst av oss, er vi no på utkikk etter ny Peugeot teknikar til laget vårt. Om du allereie har utdanning som diagnoseteknikar, eller er mekanikar med ønskje om å bli diagnoseteknikar, vil vi gjerne høyre frå deg. Er du rett person legg vi til rette for at du får tilført den kompetansen stillinga krev, både lokalt og gjennom Peugeot sine eigne opplæringsprogram.
Arbeidsoppgåver vil vere feilsøking, diagnosering, reparasjonar og service på Peugeot, men også noko arbeid på våre andre bilmerke der det er behov.
Kvalifikasjonar:
- Mekanikar/teknikar med fagbrev.
- Erfaring med personbil og gode elektrokunnskapar er ein fordel.
- Erfaring med eller interesse for arbeid med digitale diagnosesystem.
- Godkjent PKK-kontrollør er også ein fordel, men ikkje eit krav. Kursing vil bli gitt dersom behov.
- Må beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Dette er eit krav.
Eigenskapar:
- Du stiller krav til eigen produktivitet, kvalitet og er sjølvstendig.
- Har kundevenleg framferd og høg serviceinnstilling.
- Vi forventar at du har vilje og evne til læring og utvikling
- Har godt humør og kan samarbeide godt med både kollegaer og leiarar.
- Er flink til å søke etter arbeid, ser kva som skal gjerast og tar i et tak når det trengs
- Veit at fornøgde kundar er det vi lever av i ein kvalitetsbevist bransje
- Du kommuniserer tydeleg og profesjonelt, både med kundar og kollegaer
- Du er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag som kan innebere ulike oppgåver
Vi tilbyr
- Moglegheiter for stor fagleg utvikling, med tilgang til kurs og opplæring både lokalt og gjennom Peugeot sine eigne opplæringsprogram.
- Moglegheit for sjølvstendigheit og tett kundekontakt, der du kan vere med på å forme og påverke din eigen arbeidskvardag.
- Ein interessant og variert marknad med stadig nye og spennande modellar frå tre sterke bilmerke: Mercedes-Benz, Peugeot og Kia.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, der vi støttar kvarandre og arbeider saman mot felles mål.
- Ein trygg og sikker arbeidsplass, der vi verdset trivsel og helse høgt, og der du vil kjenne deg sett og verdsett.
- Konkurransedyktige vilkår, inkludert gode løns- og pensjonsordningar
- Moderne og velutstyrte fasilitetar som gjer arbeidskvardagen effektiv og komfortabel
- Moglegheit til å vere ein del av eit engasjert og dyktig team som brenn for bilbransjen og framtidsretta teknologi.
Vi i Bilhuset Førde AS gler oss til å høyre frå deg!
Send søknaden din og CV snarast mogleg til oss på e-post: kim.ronny.lykkebo@bos.no.
Merk søknaden med «Diagnoseteknikar Peugeot»
Søknadsfrist: Snarast eller seinast 02.02.2025
Vi ser fram til å få ein dyktig kollega med på laget!
Ved Spørsmål til stillinga, ta kontakt med oss på telefon:
Ettermarknadsleiar, Knut Øyvind Åsen – Tlf 93099353
Dagleg Leiar, Kim Ronny Lykkebø – Tlf 41616271