GODT NYTT ÅR TIL ALLE VÅRE KUNDAR!

Alle vi på Bilhuset Førde AS, vil få ønskje våre kundar eit riktig godt nytt år. Vi takkar alle våre kundar for eit innhaldsriktig 2021 og ser fram til eit 2022 med mange spennande nyheiter frå våre 3 store merke. #mercedes #peugeot og #Kia.

Vi er audmjuke for alle som har vist oss tillit gjennom 2021, på verkstaden, delelageret og ikkje minst på salsavdeling. Vi har bygd om butikken vår og fått 900m2 ekstra butikklokale inne med utleveringshall og ny vaskehall. Enda vi har jobba i eit anleggsområde gjennom store delar av året, levera vi nye rekordar! 2021 endar på 600 selde bilar frå anlegget vårt i Førde og ei omsetning på over 260. millionar kroner. Mot 489 selde bilar i 2020 og ei omsetning på 220 millionar kroner.

Igjen vil vi få takke våre kundar for tilliten dykk har gitt oss og ikkje minst vil vi takke alle våre flotte medarbeidarar som gjer det mogleg å levere slike flotte tall 😊

GODT NYTT ÅR OG VELKOMEN INNOM OSS I 2022!

Helsing frå heile gjengen på Bilhuset Førde AS