BILHUSET FØRDE SØKJER KUNDERÅDGJEVAR OG PRODUKSJONSANSVARLEG

Bilhuset Førde er forhandlar av Mercedes-Benz og Peugeot, og vi held til på Øyrane i Førde.

I 2019 omset vi for 140 millionar, med eit sal på over 400 bilar. Vi er 19 tilsette og i positiv utvikling, m.a. har vi nyleg utvida verkstaden med to nye arbeidsstasjonar, ny EU-linje og nytt teknisk utstyr. Vi har også planar om å utvide ytterlegare. Vi samarbeider tett med vår importør Bertel O. Steen, og har spennande produkt i ulike segment og ei veksande kundeportefølje.

Vi vil ha med fleire på laget, og søkjer no etter

KUNDERÅDGJEVAR OG PRODUKSJONSANSVARLEG

Som produksjonsansvarleg har du hovudansvaret for flyten i den daglege drifta av verkstaden. Du deltek aktivt i arbeidsplanlegging og kvalitetssikring, og leiar, motiverer og følgjer opp mekanikarar og lærling. Til denne stillinga er det ein fordel med relevant bransjeerfaring og nødvendig teknisk kunnskap, då teknisk rådgjeving også inngår i stillinga.

Som kunderådgjevar er du i fremste linje i møte med våre kundar. Du handterer kundemottak, telefon, sal av verkstadtenester, delesal og sal av løysingar som t.d. ekstralys og anna utstyr, og er bindeleddet mellom kunde og mekanikar. Også i denne stillinga inngår arbeidsplanlegging på verkstaden, saman med produksjonsansvarleg.

Vi ser etter deg som er initiativrik, løysingsretta, har gode samarbeidsevner, som kan halde hovudet kaldt i ein hektisk kvardag, og kan yte det beste til våre kundar. Vi tilbyr eit kjekt arbeidsmiljø, opplæring, gode vilkår, mykje ansvar, og du får jobbe med to av verdas sterkaste merkevarer, Mercedes-Benz og Peugeot.

Avhengig av person, kan du vere med å utforme stillingane. Begge stillingane kan tilpassast og utvidast med andre ansvarsområder.

For meir informasjon kontakt:

Jarle Reinsnos                                                  Frode Svidal
ettermarknadsleiar                                            dagleg leiar
M: 455 12 650                                                   M: 99 400 401