Mercedes-Benz - Peugeot - KIA

Logoene til bilmerkene Mercedes-Benz, Peugeot og Kia plassert ved siden av hverandre på en hvit bakgrunn.
Revolutionäre Performance Maximale Intensität (CO Klasse) (CO Emissionen) (Mercedes AMG GT Door Coupé) (Mercedes-AMG GT Door…

Heilt nye Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé

Heilt nye Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé

AMG si elektriske framtid er her

Mercedes-AMG opnar eit nytt kapittel med lanseringa av den heilt nye AMG GT 4-Door Coupé.

Bygd på den nye AMG.EA-plattforma er dette den første heilelektriske AMG-modellen utvikla frå grunnen av som ein dedikert høgtytingsbil. Her møter kompromisslaus ytelse, innovativ teknologi og ekte AMG-kjensler ei praktisk og komfortabel firedørs løysing.

 

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé:  Revolutionäre Performance. Maximale Intensität.

The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

 

Den kraftigaste serieproduserte AMG nokon gong

Den nye modellen kjem i to imponerande variantar:

Mercedes-AMG GT 55

  • 816 hk
  • 1 800 Nm dreiemoment
  • 0-100 km/t på 2,5 sekund
  • Inntil 700 km WLTP-rekkevidde
  • Frå kr 1 759 900,-

Mercedes-AMG GT 63

  • 1 169 hk
  • 2 000 Nm dreiemoment
  • 0-100 km/t på 2,1 sekund
  • Inntil 696 km WLTP-rekkevidde
  • Frå kr 2 199 900,-

Med heile 1 169 hestekrefter er GT 63 den kraftigaste serieproduserte Mercedes-AMG-modellen som nokon gong er bygd.

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé:  Revolutionäre Performance. Maximale Intensität.

The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

Revolusjonerande drivlinje

I hjartet av den nye AMG GT 4-Door Coupé finn vi dei nye aksialfluksmotorane. Desse tek opptil 67 prosent mindre plass og veg mindre enn tradisjonelle elmotorar, samstundes som dei leverer om lag tre gongar høgare effekt- og dreiemomenttettheit. Resultatet er eksplosiv akselerasjon, ekstrem respons og ei køyreoppleving som flyttar grensene for kva ein elektrisk sportsbil kan prestere.

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé:  Revolutionäre Performance. Maximale Intensität.

The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

Utvikla for maksimal ytelse

Det avanserte AMG High Performance-batteriet på 106 kWh er utvikla med direkte oljekjøling av battericellene. Dette sikrar stabil ytelse også ved gjentekne harde akselerasjonar og høg belastning. Med 800-volts arkitektur og ladeeffekt på opptil 600 kW kan bilen under optimale forhold hente meir enn 460 kilometer WLTP-rekkevidde på berre ti minutt.

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé: Revolutionäre Performance. Maximale Intensität. The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

Ekte AMG-oppleving i elektrisk drakt

AMG har brukt omfattande opptak frå ein ekte Mercedes-AMG GT R V8 for å skape AMGFORCE-opplevinga. Simulerte girskift, autentisk AMG-lyd, vibrasjonar i setet og taktil respons gir føraren den emosjonelle kjensla AMG er kjend for, no i ein heilelektrisk bil.

Teknologi frå øvste hylle

Den nye AMG GT 4-Door Coupé er utstyrt med ei rekke avanserte løysingar:

  • AMG RACE ENGINEER med eigne kontrollar for respons, smidighet og trekkraft.
  • Aktiv aerodynamikk som skapar ekstra marktrykk og stabilitet ved høg fart.
  • AMG RIDE CONTROL+ luftfjøring for optimal balanse mellom komfort og sportslege eigenskapar.
  • Bakakselstyring på opptil seks grader for betre stabilitet og smidigare manøvrering.
  • MANUFAKTUR-programmet som gir nærast uavgrensa moglegheiter for individuell tilpassing av lakk, materialval og interiør.

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé:  Revolutionäre Performance. Maximale Intensität.

The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

Sportsbil og familiebil i eitt

Trass i ekstreme prestasjonar vidarefører AMG GT 4-Door Coupé den klassiske GT-filosofien med god plass, høg komfort og praktiske eigenskapar for kvardagsbruk. Dette er bilen for deg som ønskjer sportsbilkjensla utan å gå på kompromiss med komfort eller bruksvennlegheit.

Das neue Mercedes-AMG GT 4-Türer Coupé:  Revolutionäre Performance. Maximale Intensität.

The new Mercedes-AMG GT 4-Door Coupé: Revolutionary performance. Maximum intensity.

No opna for bestilling

Første tilgjengelege produksjonsmånad er desember 2026. Ønskjer du å vere blant dei første som sikrar seg den nye AMG GT 4-Door Coupé, er du velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon eller ein gjennomgang av utstyr og konfigurasjonsmoglegheiter.

Kontakt Mercedes-Benz personbil

Jarle Undeland
📞 970 77 183
📧 jarle@bilhusetforde.no

Bilhuset Førde AS
📍 Øyrane 6, 6800 Førde
📞 57 72 41 00
🌐 bilhusetforde.no

Kvalitet i alle ledd.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies