Om oss

Om Bilhuset Førde

Bilhuset Førde er forhandlar av Mercedes Benz, KIA og Peugeot. Vi held til på Øyrane 6 i Førde, i oppgraderte og moderne lokaler både i butikken og på verksted. 

Vi opna ny bytikk 05. November i 2021 med god plass til bilar av både nye og brukte. Med eigen bruktbilhall er det kjekt å ta turen innom oss for å sjå på kva vi kan tilby. Har ikkje vi den riktige bilen for deg, da skaffer vi den. Vi kan og tilby deg lånekontor, så medan bilen er på service kan du ha teamsmøte eller sitte i fred og jobbe medan du ventar. 

Vår importør, Bertel O. Steen, set store krav til oss som autoriserte merkeforhandlarar og vi gjennomfører jamnleg fabrikksertifiseringar. Alle våre tilsette tek kurs og vert sertifisertert innan sine fagområder, og kompetanse er eit viktig fokusområde for både Mercedes-Benz, KIA og Peugeot. Dette nyt du som kunde godt av.

Bedrifta er medlem av Norges Bilbransjeforbund, og var i 2013 nominert som Gaselle bedrift.
Selskapet er eigd av ANI Gruppen i Sogn, same eigarane som for Toyota Sogn.

Vi gler oss til du tar turen innom oss 🙂 

Her er heile gjengen samla i vår nye salshall som rommer tøffe og praktiske bilar frå alle våre tre merker. Finn ikkje du bilen din her, da skaffer vi den!

Bilhuset Førde har som visjon: Kvalitet i alle ledd!


Du som kunde skal oppleve kvalitet i alle ledd, frå første gong du møter oss og vidare i kundeforholdet. Saman skal vi bygge suksess – fordi vi representerer tre av suksessane i den norske bilmarknaden. Mercedes-Benz som gjennom 125 år har stått for utvikling, nytenking og kvalitet. Peugeot som kombinerer innovasjon og teknikk til store salssuksessar & vårt nye merke KIA som satsar hardt på teknologi som gjer bilane både smarte og sikre. Om det er nyttekøyretøy eller personbil du er på jakt etter – du bør prøvekøyre dei spennande tilboda våre før du bestemmer deg. Det kan bli starten på eit langt og godt forhold. Vi vil yte det vi kan for at du skal bli fornøgd.

Velkomen innom for ein bilprat!

Beste helsing oss på Bilhuset Førde.

Gjerne ta kontakt med oss for ein bilprat!

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle