Mercedes-Benz - Peugeot - KIA

Logoene til bilmerkene Mercedes-Benz, Peugeot og Kia plassert ved siden av hverandre på en hvit bakgrunn.

Nye Mercedes-AMG GT 53 SUV klar for Noreg – pris frå 1 199 000 kroner

Nye Mercedes-AMG GT 53 SUV klar for Noreg – pris frå 1 199 000 kroner

Mercedes-Benz har no offentleggjort norsk pris på den heilt nye Mercedes-AMG GT 53 SUV. Med ein startpris på 1 199 000 kroner får norske kundar ein romsleg og sportsleg SUV som kombinerer elektrisk kraft, imponerande rekkevidde og klassiske AMG-køyreeigenskapar.

Den nye modellen er den første store SUV-en som er utvikla fullt ut av AMG, og representerer eit nytt steg for Mercedes-Benz innan elektriske høgytelsesbilar. Med heile 544 hestekrefter, 800 Nm dreiemoment og AMG Performance 4MATIC+ firehjulsdrift akselererer bilen frå 0 til 100 km/t på berre 4,2 sekund.

Samtidig er dette ein bil som er bygd for lange turar. AMG GT 53 SUV kan leverast med opptil 660 kilometer rekkevidde (WLTP), medan den avanserte 800-volts arkitekturen støttar ladeeffektar på opptil 600 kW. Under optimale forhold kan bilen få opptil 400 kilometer rekkevidde på berre ti minuttar.

Les pressemelding frå Mercedes-Benz her. 

 

High-Tech SUV mit Sportwagen-DNA: Der neue Mercedes-AMG GT SUV High-tech SUV with sports car DNA: The new Mercedes-AMG GT SUV

Sportslege eigenskapar møter praktiske løysingar

Trass i sine sportslege prestasjonar er dette ein svært praktisk bil. Bagasjerommet rommar 607 liter, i tillegg til ein frunk på 111 liter. Bilen leverast med standard tilhengarfeste og kan trekke opptil 2 210 kilo.

Med luftfjøring, aktiv bakhjulstyring og avanserte førarassistentsystem er målet å kombinere komfort på lange reiser med den presise køyrefølinga AMG er kjend for.

Tre modellvariantar

Mercedes-AMG GT 53 SUV kjem til Noreg i tre ulike utstyrsnivå:

  • AMG GT 53 SUV Performance – frå 1 199 000 kr
  • AMG GT 53 SUV Performance Plus – frå 1 298 000 kr
  • AMG GT 53 SUV Performance Exclusive – frå 1 449 000 kr

Alle modellane har eit omfattande utstyrsnivå med mellom anna panoramaglasstak, Burmester lydanlegg, DIGITAL LIGHT, 360-graders kamera og avanserte komfortfunksjonar.

High-Tech SUV mit Sportwagen-DNA: Der neue Mercedes-AMG GT SUV

High-tech SUV with sports car DNA: The new Mercedes-AMG GT SUV

High-Tech SUV mit Sportwagen-DNA: Der neue Mercedes-AMG GT SUV

High-tech SUV with sports car DNA: The new Mercedes-AMG GT SUV

High-Tech SUV mit Sportwagen-DNA: Der neue Mercedes-AMG GT SUV

High-tech SUV with sports car DNA: The new Mercedes-AMG GT SUV

 

Tilgjengeleg for bestilling i November, meld din interesse her. 

Salet startar i løpet av november, medan dei første bilane er venta til Noreg våren 2027.

Er du nysgjerrig på den nye Mercedes-AMG GT 53 SUV eller ønskjer meir informasjon om Mercedes-Benz sine elektriske modellar?

Ta gjerne kontakt med Jarle Undeland på Bilhuset Førde for meir informasjon.

jarle@bilhusetforde.no / 970 77 183

Eller bruk vårt kontaktskjema. 

High-Tech SUV mit Sportwagen-DNA: Der neue Mercedes-AMG GT SUVHigh-tech SUV with sports car DNA: The new Mercedes-AMG GT SUV
Der neue Mercedes-AMG GT SUV, Affalterbach, 2026.
Mercedes-AMG GT 55 SUV | Energieverbrauch kombiniert 23,8-21,2 kWh/100 km | CO2 Emissionen kombiniert 0 g/km | CO2-Klasse: A;Mercedes-AMG GT 55 SUV | Energieverbrauch kombiniert 23,8-21,2 kWh/100 km | CO2 Emissionen kombiniert 0 g/km | CO2-Klasse: A*
The all-new Mercedes-AMG GT SUV, Affalterbach, 2026.
Mercedes-AMG GT 55 SUV | Combined energy consumption 23.8-21.2 kWh/100 km | Combined CO₂ emissions 0 g/km | CO₂ class: A;Mercedes-AMG GT 55 SUV | Combined energy consumption 23.8-21.2 kWh/100 km | Combined CO₂ emissions 0 g/km | CO₂ class: A*
Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies