Diagnoseteknikar Mercedes-Benz – er det deg vi ser etter?

Diagnoseteknikar Mercedes-Benz – er det deg vi ser etter?

Diagnoseteknikar Mercedes-Benz – er det deg vi ser etter? 

Bilhuset Førde AS er i vekst og skal ha på plass ein ny diagnoseteknikar for Mercedes-Benz.

Dersom du er ferdig utdanna diagnoseteknikar, eller bilmekanikar med eit ønske om å bli diagnoseteknikar, vil vi gjerne at du sender inn ein søknad til oss. Om du er den rette personen, vil vi sørge for at du får tilført den kompetansen som stillinga krev.

Bilhuset Førde AS held til på Øyrane i Førde. Vi har eit positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø.

 

Arbeidsoppgåvene vil vere:  

  • Feilsøking, diagnostisering og ordinært mekanisk arbeid
  • Delta på relevante kurs internt og eksternt
  • Kontakt med importøren i samband med garanti- og reparasjonsarbeid
  • Opplæring av Bilhuset Førde sine eigne Mercedes-Benz-mekanikarar
  • Ansvar for at service og kvalitetskrav er i tråd med fabrikken og importørens standard
  • Dialog med kundar i samband med diagnosearbeid

 

Vi søker deg som har:  

  • Fagbrev som mekanikar og erfaring med el- og hybridbilar
  • Førarkort klasse B
  • Evne til å stille spørsmål og lytte
  • Kunnskap om og interesse for bil
  • Serviceinnstilling og er løysningsorientert med høg arbeidsmoral
  • Orden og er ryddig med god struktur
  • God forståing for norsk skriftleg og munnleg
  • God forståing for engelsk
  • IT-kompetanse på brukarnivå

 

Vi tilbyr:  

  • Engasjerte kollegaer og eit godt men hektisk arbeidsmiljø.
  • Godt fagleg nettverk gjennom Bertel O Steen og Bilhuset Førde AS
  • Ei solid bedrift med store ambisjonar for framtida
  • Ei spennande og utfordrande stilling med store utviklingsmogelegheiter
  • Deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar

 

For spørsmål om stilling kontaktar du: 

 

 

 

Ønskjer du å bli diagnoseteknikar Mercedes-Benz – er det deg vi ser etter?

Send søknad til bilhusetforde@bos.no og merk emnefelt med «Søknad til Diagnoseteknikar Mercedes-Benz» 

 

 

Bilhuset Førde er forhandlar av Mercedes Benz, KIA og Peugeot. Vi held til på Øyrane 6 i Førde, i oppgraderte og moderne lokaler både i butikken og på verksted.

Vi opna ny bytikk 05. November i 2021 med god plass til bilar av både nye og brukte. Med eigen bruktbilhall er det kjekt å ta turen innom oss for å sjå på kva vi kan tilby. Har ikkje vi den riktige bilen for deg, da skaffer vi den. Vi kan og tilby deg lånekontor, så medan bilen er på service kan du ha teamsmøte eller sitte i fred og jobbe medan du ventar.

Vår importør, Bertel O. Steen, set store krav til oss som autoriserte merkeforhandlarar og vi gjennomfører jamnleg fabrikksertifiseringar. Alle våre tilsette tek kurs og vert sertifisertert innan sine fagområder, og kompetanse er eit viktig fokusområde for både Mercedes-Benz, KIA og Peugeot. Dette nyt du som kunde godt av.

Bedrifta er medlem av Norges Bilbransjeforbund, og var i 2013 nominert som Gaselle bedrift.
Selskapet er eigd av ANI Gruppen i Sogn, same eigarane som for Toyota Sogn.

 

 

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle