Mercedes-Benz - Peugeot - KIA

Logoene til bilmerkene Mercedes-Benz, Peugeot og Kia plassert ved siden av hverandre på en hvit bakgrunn.
En oransje SUV parkert på en steinete vei omgitt av snødekte fjell under en overskyet himmel.

Kia gir både moms- og prisgaranti på bilar levert i 2027

Kia gir både moms- og prisgaranti på bilar levert i 2027

Ventar du på ny Kia? No kan du bestille bilen din med ekstra tryggleik.

Kia har lansert både moms- og prisgaranti på fleire av dei mest etterspurde modellane. Det betyr at dersom du signerer kontrakt no, låser du ikkje berre dagens bilpris, men også gjeldande kampanjar og tilbod, sjølv om bilen blir levert i 2027.

Dette gjeld mellom anna nye og etterspurde modellar som Kia EV3 4X4, Kia EV5 4X4 og Kia PV5 med 7 seter.

Kva betyr prisgarantien?

Når du inngår kontrakt innan kampanjeperioden, får du:

  • Garantidekning for eventuell momsauke ved levering i 2027.
  • Same bilpris som ved bestilling.
  • Gjeldande kampanjar og prisavslag blir låst.
  • Eventuelle kampanjar som vinterhjul inkludert eller gunstig finansiering blir vidareført dersom dei var gjeldande ved kontraktsinngåing.

Med andre ord: Du slepp å bekymre deg for framtidige prisaukar eller endringar i avgifter dersom leveringstidspunktet blir etter nyttår.

Mange spennande nyheiter frå Kia

Kia har ei rekkje nye modellar og variantar på veg inn denne hausten, og fleire kundar har venta på modellar som EV3 4X4, EV5 4X4 og PV5 med 7 seter. No kan du sikre deg bilen du ønskjer med føreseielege vilkår og ekstra tryggleik rundt bilkjøpet.

Kontakt oss

Vi hjelper deg gjerne med å finne rett modell og sjekke kva bilar som er tilgjengelege for bestilling.

Simon Loe Laberg
Seljar Kia Personbil
📞 95 80 73 04
📧 simon.loe.laberg@bilhusetforde.no

Velkomen til Bilhuset Førde for ein hyggeleg bilprat.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies