Opningshelg med før-première på Mercedes-Benz EQS og premiere på Kia EV6

4.-7. november ønskjer vi deg velkommen til våre nye og moderne utstillingslokale på Øyrane, der vi byr på ein fantastisk bilmeny frå Mercedes-Benz, Peugeot og Kia.
I tillegg kan du desse dagane oppleve premiere på to fantastiske bilar: Mercedes-Benz EQS og Kia EV6 – bilane alle snakkar om no om dagen.
Opningstider gjennom helga:

Torsdag 4.november: 08 – 18

Fredag 5.november: 08.- 16

Laurdag. 6. november: 11 – 16

Søndag 7. november: 15 – 18

Før-première

– Vi slår til med før-première på Mercedes-Benz EQS: Broom kalla EQS «kanskje den viktigaste nye elbilen i 2021». EQS er Mercedes-Benz sitt nye elektriske flaggskip, som skal sette ein ny standard: Deira elektriske svar på S-klasse, bygd på ein dedisert elbil-plattform. EQS har rekkevidde på inntil 780 km etter WLTP, rask hurtiglading, innovative funksjonar og særs høg kvalitetskjensle. Mange har venta med lengsel på EQS, og no kan dei komme og både sjå og prøve den hos oss, seier Frode Svidal, dagleg leiar på Bilhuset Førde.

Dei har også byrja å selje Kia, og til opninga kjem bilen «alle» snakkar om: Kia EV6.

– Når Broom testa EV6 sa dei: «Det er berre å glede seg»! Og det veit vi mange gjer. Kia er inne i ei omfattande elbil-satsing. EV6 er første bil bygd på deira nye elbilplattforma. Den får inntil 528 km rekkevidde og ladesystem på 800V gir lynrask lading, frå 10-80 % på berre 18 minutt. Dette er ein bil med mykje innovasjon, blant anna vehicle-to-load (V2L). EV6 kan dermed fungere som ein powerbank, som leverer opptil 3,6 kW med straum, seier Simon Loe Laberg, seljar Kia.

Elles er butikken fylt med bilar frå Mercedes-Benz, Kia og Peugeot.

– Det blir høve til prøvekøyring. Og du kan «prøvesmake» både EQS og EV6. Vi må sette nokre avgrensingar på kor lenge kvar kunde kan prøve akkurat desse to denne helga, smiler Frode.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle