Bilhuset Førde – bygger for framtida

Sidan februar har det vore jobba med å utvide og fornye lokala til Bilhuset Førde. No står berre finpussen att før dei kan ønskje kundane velkommen inn i ein større, modernisert bilbutikk. I tillegg har dei også blitt forhandlar av KIA.

Lokala til Bilhuset Førde var på ca. 2300 m2, no har dei utvida med 900 m2, og fornya den gamle delen. No er dei snart klar for ny-opning av ein topp moderne bilbutikk,
– Når vi la budsjett for 2021 tok ikkje det omsyn til 8 månadar med ombygging, men vi klarte å halde budsjettet likevel. Det er utruleg bra, dei tilsette har all ære for det, seier Frode Svidal, dagleg leiar for Bilhuset Førde.

Han fortel at årsaka til satsinga er at det har gått veldig bra dei siste åra.
– Frå 2015 til 2020 meir enn tredobla vi omsetnaden og vaks ut av dei gamle lokala. Vekst er kjekt, men det gir veksesmerter: Lokala vart for små og parkeringsarealet for dårleg. Om vi skulle ivareta den høge servicen kunden fortener, måtte vi ta grep om lokale og uteområda.

Vår Salsavdeling, frå venstre; Simon Loe Laberg – Seljar KIA, Frode Svidal – Dagleg Leiar, Jarle Undeland – Seljar Mercedes-Benz, og Kim Ronny Lykkebø «Løvemannen» Seljar Peugeot.

 

Totalt fornying inne

Grep tok dei, både med lokala og nye tenester. No kan dei levere alle tenester kundar treng.

–  Verkstaden pussa vi opp for to år sidan og bygde ny EU-linje, så den er oppdatert. Elles er alt nytt: Bruktbilar har fått eigen utstillingshall, vi har bygd ny klargjeringshall og ny utleveringshall. Kundane får nye gode ventesoner, og utstillingsområde for nye bilar er utvida. Dei tilsette har fått nye kontor og ny kantine, seier Svidal og fortel at alt dei gjer set kunden i sentrum.
– Det skal vere enkelt, trygt og effektivt å handle bil hos oss. Vi skal kunne hjelpe kunden med alt, og kunden skal få eit bekymringsfritt bilhald. Når du kjøper bil er god oppfølging etterpå særs viktig. Dekkhotell var det siste punktet som mangla i vår «ein-stopp-filosofi»: No er vi der, og vi ser fram til å ta i mot gamle og nye kundar i flotte lokale, seier han og viser at alle kontora no vender ut mot det store, oversiktlige utstillingslokalet.
– Slik at seljarane alltid ser kundane, og er klar til å bistå dei.

Dagleg leiar Frode Svidal viser stolt fram dei nye lokala på Øyrane 6 og gler seg til nyopning.

 

Byrja å selje Kia

Bilhuset Førde sel no Mercedes-Benz, Peugeot og Kia.

– Kia er ein spennande nykommar for oss, som satsar hardt på el-bilar. Dei har mykje spennande på veg. Den alle snakkar om no er Kia EV6, som straks kjem til Norge. Vi gler oss til å vise den fram. Kia gir oss eit ekstra bein å stå på i framtida og komplimenterer oss. Mercedes-Benz, Peugeot og Kia har kvar sitt fokus og tiltrekk seg ulike kundegruppe. Det gir oss også fleire spennande bilnyhende i butikken til ei kvar tid, seier han og fortel at dei har styrka staben.

–Simon Loe Laberg er vår seljar på Kia og Henrikke Andersen er Kia-ansvarleg på kundemottak. Vi har også vidareutdanna ein bilmekanikar på Kia, styrka verkstaden med å tilsette Tom Nesthun som ny produksjonsansvarleg, og delelageret med Rune Helgås.

Ny fasade, mykje betre parkeringsareal og eiga avdeling for bruktbil

Det er ikkje berre inne kundane vil merke endring. Ei tidligare utfordring var at bruktbilane sto ute, og tok opp parkeringsplass. Det var ein prioritet å gjere noko med det.

– Alt vi gjer handlar om å gjere det enkelt, trygt og effektivt å vere vår kunde. Difor vi utvida utearealet og laga betre parkering, seier Svidal.

Og som ein bonus, for både kunde og Bilhuset Førde, fikk bruktbilane komme inn.

– Ny avdeling for bruktbil er ei kjekk nyhending hos oss. No kan kundane gå inne og kose seg i ein lys og triveleg hall, få seg ein kopp kaffi og verkeleg kose seg med bruktbilhandelen. Og ikkje minst er det kjekkare for oss å vise fram nyvaska bilar, seier han.

Lånekontor

Eit anna grep dei har gjort er å tenke nytt i høve kva dei kan tilby kundane sine.
– Vi ønskjer å gi kundane våre ei best mogleg oppleving. Når dei leverer bil på verkstaden, leiger mange av kundane bil. For næringskundar er ikkje alltid det løysinga, sidan mange har arbeidsutstyret i bilen. For dei er dette tapt arbeidstid. Det same gjeld kundar som kjem utanfrå Førde. Det sat ofte kundar ute i utstillingsområdet med PC i fanget. Det slo meg at dette kan vi løyse betre for kunden. Løysinga vår å tilby dei lånekontor. Då kan dei som ønskjer dette nytte ventetida effektivt til å jobbe, medan vi tek oss av bilen deira, seier Svidal.

Lokalt eigarskap og sterk framtidstru

– Vi har tru på at kundane ønskjer lokal service og oppfølging, også i framtida. Det er kjekt å kunne tilby både tilsette og kundar meir moderne og tidsrette lokal, og ein fin bilutstilling for både nye og brukte bilar. Vårt mål er at kunden skal få alle biltenester hjå oss, det skal vere enkelt og trygt å vere kunde hjå oss, seier styreleiar Tor Arne Ness, vel vitande om at bilbransjen går usikre tider i møte.
– Ei slik satsing er kanskje litt mot trenden i marknaden, men vi har stor tru på at grepa vi no har gjort er dei rette for å sikre god drift og gode kundeopplevingar framover.

 

 

Opningshelg med før-première på Mercedes-Benz EQS og premiere på Kia EV6

Frå torsdag 4.11 til og med søndag 7.11 blir det nyopning av Bilhuset Førde, med utvida opningstider, søndagsopent, spennande bilnyhende og enkel servering.

– Vi slår til med før-première på Mercedes-Benz EQS: Broom kalla EQS «kanskje den viktigaste nye elbilen i 2021». EQS er Mercedes-Benz sitt nye elektriske flaggskip, som skal sette ein ny standard: Deira elektriske svar på S-klasse, bygd på ein dedisert elbil-plattform. EQS har rekkevidde på inntil 780 km etter WLTP, rask hurtiglading, innovative funksjonar og særs høg kvalitetskjensle. Mange har venta med lengsel på EQS, og no kan dei komme og både sjå og kanskje få ein liten prøvetur, seier Svidal.

Til opninga kjem også bilen «alle» snakkar om: Kia EV6.
– Når Broom testa EV6 sa dei: «Det er berre å glede seg»! Og det veit vi mange gjer. Kia er inne i ei omfattande elbil-satsing. EV6 er første bil bygd på deira nye elbilplattforma. Den har inntil 528 km rekkevidde og ladesystem på 800V gir lynrask lading, frå 10-80 % på berre 18 minutt. Dette er ein bil med mykje innovasjon, som vehicle-to-load (V2L). EV6 kan dermed fungere som ein powerbank, og leverer opptil 3,6 kW med straum, seier Simon Loe Laberg, seljar Kia.

Elles er butikken fylt med bilar frå Mercedes-Benz, Kia og Peugeot.
– Det blir høve til prøvekøyring. Og du kan «prøvesmake» både EQS og EV6. Vi må sette nokre avgrensingar på kor lenge kvar kunde kan prøve desse to denne helga, smiler Frode.

Også Peugeot kan by på ein lekker godbit til nysgjerrige kundar.

– Vi har fått inn Peugeot 508SW PSE Phev 4×4, seier Peugeot-seljar Kim Ronny Lykkebø entusiastisk.
– PSE står for Peugeot Sport Engineered: Her får du det beste frå deira motorsportssatsing kombinert med all den komfort og teknologi du ønskjer i ein bil. 508SW er ein supersprek hybrid, med eit rått sportsleg design, 360 hk og firehjulstrekk. Frå 0–100Km/t brukar den berre 5,2 sekund. Om du ikkje har prøvd ei «løve» før, så er tida inne no, smiler han.
– Peugeot er i sterk utvikling og lagar fantastiske bilar med ekte fransk køyrekomfort. Dei har design som eit av sine fokusområde, og der er det få som slår dei no. Vi har butikken full av flotte bilar, så det er berre å ta turen innom for å sjå og prøve sjølv. Blant bilane vi har inne no finn du bestseljarane Peugeot e-208, e-2008, 3008 4×4 Phev, 5008 og e-Traveller, ein heilelektrisk familiebil med plass til 8 personar og rekkevidde på opptil 330 km, dette er den ultimate familiebilen, seier han.

 

Opningstider i opningshelga:

Torsdag 4.november:08.- 18.

Fredag 5.november:  08.-16

Laurdag. 6. november: 11-16.

Søndag 7. november: 15.-18.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle