Vi har utvida og satsar for framtida – 4.-7. november har vi nyopning

Vi på Bilhuset Førde har pussa opp, utvida lokala og tenestetilbodet vårt. No gler vi oss til å vise fram resultatet til nye og gamle kundar.

Vi har også fått nye tilsette det siste året, som vi ønskjer å presenterer for deg.

 

Møt Tom Nesthun

Tom er vår produksjonsansvarlege, og ein erfaren mann frå bilbransjen.
– Eg er utdanna bilmekanikar, og fikk min første sommarjobb i bilbransjen i 1994. På Bilhuset er eg produksjonsansvarleg, altså operativ leiar for ettermarknad, med ansvar for at ting fungerer som dei skal på verkstaden, og at kundane får utført tenestene dei treng, når dei treng dei, seier han og fortel kvifor han ville jobbe her.

– Bilhuset Førde er i sterk utvikling, og sel attraktive bilar frå Mercedes-Benz, Peugeot og Kia. Det er ei bedrift som ønskjer å ligge i forkant, og ta posisjon i ein bransje der det skjer mykje, fort. Det gir meg hektiske dagar, blant kjekke kollegaer og trivelege kundar, og det trivast eg særs godt med, seier Tom, og skryt av satsinga som er gjort siste året.
– Det er spennande tider i bilbransjen. Skal ein henge med, så må ein satse. Det har vi gjort, og rigga oss for framtida: Vi har fått inn Kia, bygd bruktbilhall og dekkhotell, laga større utstillingsområd og betre parkering. Viktige grep, som har skapt ein komplett bilbutikk med alle tenester folk treng. Det har blitt flott her, både for kundane våre og tilsette. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, seier han.

 

Opningshelg med før-première på Mercedes-Benz EQS og premiere på Kia EV6
Vi har lyst å dele dei nye lokala våre med deg, og ønskjer deg velkommen til nyopningshelg.  Frå torsdag 4.11 til og med søndag 7.11 utvidar vi opningstidene våre og held søndagsopent.  Vi byr også på enkel servering og spennande bilnyhende: Denne helga har vi før-première på EQS: Mercedes-Benz sitt nye elektriske flaggskip og premiere på bilen «alle» snakkar om: Kia EV6. Butikken er også fylt av andre flotte bilar frå Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, blant anna Peugeot 508SW PSE Phev 4×4.

Les meir:
https://bilhusetforde.no/2322-2/

 

Opningstider i opningshelga:
Torsdag 4.november:            08.- 18.
Fredag 5.november:              08.-16.
Laurdag. 6. november:          11-16.
Søndag 7. november:             15.-18.

 

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle