Vi har utvida og satsar for framtida – 4.-7. november har vi nyopning

Vi på Bilhuset Førde har pussa opp, utvida lokala og tenestetilbodet vårt. No gler vi oss til å vise fram resultatet til nye og gamle kundar. Vi har også fått nye tilsette det siste året, som vi ønskjer å presenterer for deg.

 

Møt Rune Helgås!

Rune er ein ringrev i bilbransjen, med snart 40 års erfaring. Du møter han i vårt kundemottak, der han har ansvar for kunderettleiing og logistikk i høve delelageret.

– Eg gikk rett frå ungdomskulen og ut i arbeide i bilbransjen i Førde. Sidan vart det ulike jobbar i bilbransjen, blant anna i Shell og Biltema, seier Rune, som fortel etterkvart ønska påfyll av kunnskap.
– Eg tok fagbrev i logistikk og delelager i vaksen alder. Og i 2020 vendte eg tilbake til bilbransjen.  Eg likar å følge utviklinga i bilbransjen og trivast godt i det miljøet. Eg valte
Bilhuset Førde fordi dei er kjent for å ha godt miljø, samtidig som det er ei nytenkande bedrift, som verkeleg har satsa dei siste åra. Og fordi eg får jobbe med spennande bilmerke som Mercedes Benz, Peugeot og Kia. Bilhuset. Eg trudde eg kom til å trivast, og det var full klaff. Eg har flotte kollegaer og møter trivelege kundar, seier han og skryt av dei nye lokala.
– Vi har fått breiare tilbod av tenester med dekkhotell, Kia inn som nytt merke, ny bruktbilhall inne, større utstillingsområde, betre parkering og fantastiske lokale, både for kundar og oss som jobbar her. No er vi eit komplett bilhus, som tilbyr alle tenester kundane treng, og vi har rigga oss for framtida. Vi har fått på plass alle brikkene vi treng, og kan no tilby alle tenester bilkundar treng. No er vi verkeleg rigga for framtida, seier han.

Opningshelg med før-première på Mercedes-Benz EQS og premiere på Kia EV6
Vi har lyst å dele dei nye lokala våre med deg, og ønskjer deg velkommen til nyopningshelg.  Frå torsdag 4.11 til og med søndag 7.11 utvidar vi opningstidene våre og held søndagsopent.  Vi byr også på enkel servering og spennande bilnyhende: Denne helga har vi før-première på EQS: Mercedes-Benz sitt nye elektriske flaggskip og premiere på bilen «alle» snakkar om: Kia EV6. Butikken er også fylt av andre flotte bilar frå Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, blant anna Peugeot 508SW PSE Phev 4×4.

Les meir:
https://bilhusetforde.no/2322-2/

Opningstider i opningshelga:
Torsdag 4.november:            08.- 18.
Fredag 5.november:              08.-16.
Laurdag. 6. november:         11-16.
Søndag 7. november:            15.-18.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle