Vi på Bilhuset Førde har pussa opp, utvida lokala og tenestetilbodet vårt. No gler vi oss til å vise fram resultatet til nye og gamle kundar. Vi har også fått nye tilsette det siste året, som vi ønskjer å presenterer for deg.
Møt Henrikke Andersen
Henrikke jobbar i kundemottaket vårt, med booking og planlegging av verkstadtimar og ho har garantiansvar for Kia. Ho er utdanna innan pneumatikk og hydraulik, og har tidligare jobba på store maskiner.
– Eg har også jobba med Kia på bilforretning, så det var kjekt å få halde fram med det, seier ho og fortel kvifor ho valte å byrje på Bilhuset Førde.
– Det er ei stor og hardt satsande bedrift, som sel spennande bilmerke som Mercedes-Benz, Peugeot og Kia. Eg hadde også høyrt mykje fint om miljøet her, og det stemmer. Eg er einaste kvinne, men det går fint, smiler ho.
– Hos Bilhuset Førde er ingen dag lik. Dagane er hektiske og det er mykje å gjere, men det trivast eg godt med. Eg er glad i action. Og så får eg ein kvardag der eg møter eg trivelege kundar og kollegar, som eg trivast særs godt med.
Henrikke byrja hos oss i forkant av at ombygginga, og har fått med seg heile prosessen.
– Vi har utvida mykje, og det har blitt lysare, finare og meir moderne. Vi har fått mykje større utstillingsområde til bilane, utvida tenestetilbodet vårt, fått brukbilhall inne, dekkhotell og ikkje minst inn Kia som nytt merke. Vi har blitt ein komplett bilbutikk som tilbyr kundane vår eit enno betre totaltilbod, i heilt fantastiske lokale. Det gjer det utruleg kjekt å jobbe her, sier ho.
Opningshelg med før-première på Mercedes-Benz EQS og premiere på Kia EV6
Vi har lyst å dele dei nye lokala våre med deg, og ønskjer deg velkommen til nyopningshelg. Frå torsdag 4.11 til og med søndag 7.11 utvidar vi opningstidene våre og held søndagsopent. Vi byr også på enkel servering og spennande bilnyhende: Denne helga har vi før-première på EQS: Mercedes-Benz sitt nye elektriske flaggskip og premiere på bilen «alle» snakkar om: Kia EV6. Butikken er også fylt av andre flotte bilar frå Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, blant anna Peugeot 508SW PSE Phev 4×4.
Les meir:
https://bilhusetforde.no/2322-2/
Opningstider i opningshelga:
Torsdag 4.november: 08.- 18.
Fredag 5.november: 08.-16.
Laurdag. 6. november: 11-16.
Søndag 7. november: 15.-18.