Vi søker klargjerar & takstmann – Vi treng deg som er fleksibel og likar å jobbe i ein hektisk kvardag i eit godt arbeidsmiljø!

Bilhuset Førde er forhandlar av Mercedes-Benz, KIA og Peugeot, vi held til på Øyrane 6 i Førde.

Vi har opna ny butikk i nye flotte, lyse og trivelege lokaler. Vi oppgraderte butikken vår no i 2021, med ny salshall for våre nye bilar, ny bruktbilhall, vaskehall og utleveringshall. Verkstaden fekk ein oppgradering seinast i 2019 med to nye arbeidsstasjonar, ny EU-Linje og nytt teknisk utstyr. I 2020 omset vi for 220 millionar, med eit sal på nesten 500 bilar. Vi er 22 tilsette og fortset vår positive utvikling og satsar på framtida. 2021 ser ut til å bli eit nytt rekord år. Vi samarbeider tett med vår importør Bertel O. Steen, og har spennande produkt i ulike segment og ei veksande kundeportefølje.

 

 

Vi treng ny klargjerar/takstmann og tilbyr ein variert og spennande kvardag.

Er du glad i å vaske og vedlikehalde bilar? Vi er på jakt etter ein ny medarbeidar som kan vere med og kvalitetssikre at våre nye og brukte bilar blir levert etter våre høge standarder. Arbeidsoppgåver blir mykje klargjering, vask av nye og brukte bilar, lakkrens, polering og innvendig rens. I tillegg får du ansvar for at alle våre brukte bilar blir taksert og laga tilstandsrapport på.Du kan og få oppgåver som montering av ekstrautstyr på nye bilar, dette kan vere alt frå td. ekstralys, tilhengarfeste, etc.

Du må vere ein person som er sjølvstendig, er flink på data og liker å jobbe i eit hektisk miljø. Med over 500 bilar ut kvart år her med oss så er ingen dag roleg.

Vi tilbyr opplæring, kurs og oppfølging, utfordringar, gode arbeidsvilkår , godt arbeidsmiljø, ein spennande kvardag der du jobbar med sterke merkevarer.

Krav til deg som søker, du må ha interesse og kunnskap om bil, både teknisk og «kosmetisk vedlikehald»

Vi tilbyr deg å jobbe i ein heilt ny vaskehall og klargjeringshall i vår nye avdeling med topp moderne utstyr. Du vil jobbe tett på vår salsavdeling og delta i planlegging av din eigen kvardag.

 

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

Dagleg leiar Frode Svidal, tlf. 994 00 401.

Seljar Kim Ronny Lykkebø tlf. 416 16 271

Søknad sender du til bilhusetforde@bos.no søknadsfrist er snarast.

 

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle