Vi søker ny teknikar på Peugeot – er du vår nye medarbeidar?

Bilhuset Førde er forhandlar av Mercedes-Benz, KIA og Peugeot, vi held til på Øyrane 6 i Førde.

Vi har opna ny butikk i nye flotte, lyse og trivelege lokaler. Vi oppgraderte butikken vår no i 2021, med ny salshall for våre nye bilar, ny bruktbilhall, vaskehall og utleveringshall. Verkstaden fekk ein oppgradering seinast i 2019 med to nye arbeidsstasjonar, ny EU-Linje og nytt teknisk utstyr. I 2020 omset vi for 220 millionar, med eit sal på nesten 500 bilar. Vi er 22 tilsette og fortset vår positive utvikling og satsar på framtida. 2021 ser ut til å bli eit nytt rekord år. Vi samarbeider tett med vår importør Bertel O. Steen, og har spennande produkt i ulike segment og ei veksande kundeportefølje.

 

 

Vi treng ein ny medarbeidar på laget vårt på verkstaden.

Vi treng deg som likar å feilsøke, jobbe sjølvstendig, vere fleksibel, ta ansvar for eiga læring og bidra positivt til fellesskapet. Arbeidsdagana kan til tider vere hektiske, så viktig at du er ein strukturert person som held orden på arbeidsplassen, men på same tid er effektiv.

Vi tilbyr opplæring, kurs og oppfølging, utfordringar, gode arbeidsvilkår, godt arbeidsmiljø og ein spennande kvardag der du jobbar med sterke merkevarer.

Du vil bli ein dedikert Peugeot mekanikar, men må kunne handtere våre andre merker også.

Krav til deg som søker, erfaring i bilbransjen og fagbrev som mekanikar lette køyretøy.

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

Verkstadleiar Tom Nesthun 482 36 854.

Dagleg leiar Frode Svidal, tlf. 994 00 401.

Søknad sender du til bilhusetforde@bos.no søknadsfrist er snarast.

 

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle